Meistring, utvikling og vekst gjennom arbeid

OM DREISEN

Frå tidleg på 90-talet var føretaket ei samansetning av kommunale dagsenterplassar og tiltaksplassar. På slutten av 2021 vart dagsenterdelen flytta ut av føretaket, då retningslinjene for å driva tiltaksplassar endra seg. Kravspesifikasjonane frå NAV tiltak er det som bestemmer korleis gjennomføringa skal vera. Sidan 2022 har me arbeidd oss gjennom ei omstilling av drifta vår. Me har lyfta kompetansen, samstundes som me har teke grep for å møta framtidige utfordringar. I samband med dette har me og endra namn til Dreisen. Med det ynskjer me å markera at me no står for ein ny og forbetra måte til å utføra vårt samfunnsoppdrag.

Dreisen samarbeider tett med NAV, Vaksdal kommune og lokalt næringsliv. Det handlar om å nå ut til potensielle deltakarar og samarbeidspartnarar, for å bidra til samfunnsøkonomisk vekst.

Dreisen tek samfunnsoppdraget på alvor. Det handlar om kva me gjer, korleis me gjer det og kvifor me gjer det. Dreisen er eit føretak under stadig utvikling, der me arbeider for å møta nye krav og endringar i gjennomføringa av oppdraget frå NAV. Dreisen er fagleg oppdatert og deltek aktivt i samarbeidsfora for bransjen. Det handlar om å møta nye utfordringar med ny kunnskap i eit bransjefellesskap.

Dreisen har tru på at alle menneske kan gjera ein forskjell. Det handlar om å setje seg på deltakarane si side og utforska moglegheitene. Me ser at kvar enkelt er ein viktig del av det store biletet.

Kontakt oss

40 80 17 80

post@dreisen.no

Nina Jakobsen Bakketun

DAGLEG LEIAR

tlf. 95 13 96 52 • e. nina@dreisen.no

Ann Kristin Angeltveit-Vedaa

FAGANSVARLEG

tlf. 40 80 17 80 • e. ann.kristin@dreisen.no

KVALITETSANSVARLEG & ARBEIDSRETTLEIAR

Vidar Johansen

tlf. 40 80 17 80 • e. vidar@dreisen.no

Dag Olav Faugstad

ARBEIDSRETTLEIAR

Mai Britt Risnes Iversen

ARBEIDSRETTLEIAR

Daniel Nilsen

ARBEIDSRETTLEIAR

Dreisen har tru på at alle menneske kan gjere ein forskjell. Det handlar om å setje seg på deltakarane si side og utforska moglegheitane. Me ser at kvar enkelt er ein viktig del av det store biletet.

DREISEN tek samfunns oppdraget på alvor:

Det handlar om kva me gjer, korleis og kvifor. Gjennom arbeidstrening og kvalifisering av enkeltmenneske, skapar me vekst i lokalsamfunnet.