Meistring, utvikling og vekst gjennom arbeid
Hjå Dreisen kan du få sjansen til å prøva deg i tilrettelagt arbeid (VTA). Ved innsøking vert det laga ein opplæringsplan for den enkelte, og ein får deretter prøva seg på ulike oppgåver innanfor Dreisen sin produksjon av varer og tenester.
JOBBSØKJAR
Varig tilrettelagt arbeid (VTA)
Ordninga
Dreisen KF er for tida godkjent for 10 plassar innanfor tiltaket Varig tilrettelagt arbeid. Ved ledig kapasitet vert nye innsøkjarar vurdert fortløpande.
Hovudkriteriet for å få arbeide ved bedrifta er at du mottek uførpensjon frå NAV. Om du har lyst til å prøva deg ut i jobb kan du gjennom tilrettelegging få hjelp til å koma i gang. Som VTA-tilsett beheld du uførepensjonen, samstundes som du får ei motivasjonsgodtgjersle frå oss.
Varighet på tiltaket
Varig tilrettelagt arbeide er ikkje tidsavgrensa. Det skal likevel jamnleg vurderast om det kan vere aktuelt med overføring til andre arbeidsretta tiltak, utdanning eller formidling til ordinært arbeid.
Korleis få arbeid i VTA hjå Dreisen KF
Du kan søkja om arbeid ved å ta kontakt med oss direkte, eller med din saksbehandlar hjå NAV. Sjølve innsøkinga skjer via NAV.
Du kan ta kontakt med oss enten ved å ringa dagleg leiar eller fagansvarleg, skriva brev, senda e-post eller ved personleg oppmøte.
Nina Jakobsen Bakketun
DAGLEG LEIAR
telefon 95 13 96 52 e-post
Ann Kristin Angeltveit-Vedaa
FAGANSVARLEG
telefon 40 80 17 80 e-post